– Vi har fått lovnad om at vi kan flytte inn i dei nye lokale 1. juni. No får vi alt på ei flate på rundt 1.700 kvadratmeter. I dag er vi tredelt med lokale til Nissan og Ford, og så har vi bruktbilhallen. Vi får no betre logistikk, spesielt for dei tilsette, men også for kundane som gler seg til å kome inn. Vi får også mykje større effektivitet i arbeidet når alt er samla på ei flate, seier dagleg leiar Kjell Krumsvik.

Fire forhandlarar

Ørsta bil vert dermed den fjerde bilforhandlaren i Hovdebygda. Frå før er Bil & Gummiservice, Toyota Sunnmøre og Bjørdal Bil etablert i området.

– Vi kjem saman med tre andre forhandlarar, og eg er trygg på at det vil styrke Hovdebygda «bilby». Sjølv har eg arbeidd i Strandgata i snart 30 år, og her er andre som har gjort det same. Vi gler oss no til å kome på plass i nye, tidsriktige og moderne lokale.

Krumsvik ser på Hovdebygda som eit attraktivt område med mange forhandlarar.

– Hovdebygda har vorte eit fyrtårn med både m.a. flyplass, politi, Statens vegvesen og Elkjøp. Det er store aktørar som har etablert seg der.

– Du er ikkje redd for kannibalisering med fire bilforhandlarar så tett på kvarandre?

– Nei, eg trur det vert vinn-vinn for alle saman. Folk kjem til eitt område, og både vi og dei andre forhandlarane gler seg til at vi kjem på plass. Kundar har kome til Strandgata i over 30 år for å kjøpe bil så det vert ein overgang, men eg trur Hovdebygda er ein bra plass, seier Krumsvik.

– Von om større vekst

I samband med flyttinga vil Ørsta bil halde stengt i nokre dagar før dei opnar dei nye lokala. Ørsta bil har og von om enno større vekst etter at dei får etablert seg i Hovdebygda.

– Eg trur at vi vil få enno større vekst av å ligge i eit slikt område. For kundane vert det fire bilforhandlarar som ligg i gåavstand mellom kvarandre, og det er berre eit pluss. Både Nissan og Ford er blant dei fire mest selde bilmerka i Noreg, og vi hadde ein veldig god vekst frå 2013 til 2014, og vi ventar oss også vekst i 2015.

Ørsta bil vart etablert for 13 år sidan og har i dag ti tilsette.

– Vi har allereie tilsett ein, og kjem nok til auke bemanninga når vi er på plass i Hovdebygda.