Ørsta er ein av fem kommunar i Noreg som er plukka ut til å delta i Europan 13, ein av verdas største arkitektkonkurransar. Heile 13 arkitektfirma skal levere forslag til utvikling av Ørsta sentrum.

Torsdag 24 april møtast arkitektane på tomtesynfaring.

Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider for å fremje internasjonalt samarbeid. I fjor haust vart Ørsta kommune spurt om dei kunne tenke seg å vere med i verdas største arkitektkonkurranse, Europan 13.

Europan er ein stor europeisk arkitektur- og byutviklingskonkurranse for arkitektar, landskapsarkitektar og planleggarar under 40 år. Målet med konkurransen er innovasjon innan arkitekturfaget og å gje unge arkitektar oppdrag.

Fem norske kommunar og prosjekt har vorte plukka ut til å vere med i tevlinga.

Utanom Ørsta er det Trondheim hamn, Stavanger, Bergen og Os.

Det var 22 kommunar som vurderte å søkje om deltaking i tevlinga. Sju leverte søknad, og fem, inkludert Ørsta, vart altså plukka ut.