Roar Eiken er ein av dei Lars Oscar Fossen meiner må ta ansvar som eigar av bygget der Ørsta Fisk heldt til. Bygget ved fjorden er prega av forfall, sa Fossen i Møre-Nytt laurdag. Huseigar Eiken deler Fossen sitt syn på eit sentrum i forfall.

– Store delar av sentrum ser i dag forfalle ut og skrik etter vedlikehald. Ørsta er ein flott kommune med store potensial, og med eit flott sentrum har vi alt for kunne å trivast i Ørsta. Vi synest at det er positivt at Fossen set dette på dagsorden då eg trur vi alle er einige i at noko må gjerast, seier Eiken.

Tomta han eig ventar på at reguleringsplanen for Ørsta sentrum skal bli ferdig. Alle sentrumseigedomar langs sjøen frå Amfi til Strømpeneset er i dag meir og mindre «låste» som følgje av at E39 ligg regulert langs strandkanten.

– Men det er no bestemt at Sjølina skal gå ut, og straks planen er gjennomført, vil vi starte arbeidet på «Fiskemat-tomta». Vårt bustadfirma Norgeshus Din Bolig AS har siste åra ekspandert mykje og har behov for eit større kontorlandskap. Vi ser føre oss ein kombinasjon av kontor i første etasje, og bustadar i resten av bygget, fortel Eiken.

Hatt møte

Han har tidlegare hatt møte med kommunen og Fossen, og signalisert at han vil gjere grep med fiskemat-bygget inntil dei kjem vidare med planane.

– Måling av bygget vil vere eitt av desse strakstiltaka, seier Eiken.

– Kan du tenke deg å vere med på ein dugnad for eit penare sentrum?

– Ja, eg vil allereie no nytte høve til å spørje om der er nokon som vil ta på seg målingsarbeid før sommaren, i så fall er det berre å ta kontakt, fortel Roar Eiken.

Mørebil

Adm.dir. Egil Giørtz i H I Giørtz Sønner fortel til Møre-Nytt at dei vil gjere noko med Mørebil-området som selskapet eig saman med Asko Eigedom.

– Framleis eig Ørsta kommune bygget. Problemstillinga handlar om ureining i tomtegrunnen, noko som er ei sak mellom Esso og kommunen. Eg reknar med at saka vert løyst ganske snart. Når vi er formell eigar vil vi rive bygget som uansett skal rivast på eit tidspunkt. Mørebil-bygget er ikkje vakkert, og ingen er tent med at bygget står fram slik det no gjer, seier Giørtz.

Roar Eiken