Medieoppslag i andre fylker viser at "sesongen" for steinlegging og asfaltarbeid er i gong og politiet vil i den samanheng kome med same åtvaringa som i fjor:

- Hovudmennene som inngår ”kontrakt” og krev inn pengar er gjerne britiske statsborgarar. Dei vert sjeldan eller aldri sett på arbeidsplassane. Andre tek seg av å verve personar som kan utføre arbeidet. Arbeidarane er andre britar, eller dei er frå Litauen, Tsjekkia, Romania, Polen eller andre land i Aust-Europa, seier seksjonsleiar Eivind Klokkersund ved Økoteamet i Sunnmøre politidistrikt i ei pressemelding.

Arbeidstilsyn, Skatteetaten, Tollvesenet, Statens vegvesen og politidistrikta samarbeider for å stoppe dei useriøse steinleggarverksemdene.

- Fleire av dei er registrert i Brønnøysundregistera og merverdiavgiftsregisteret. Slik framstår dei tilsynelatande truverdige og seriøse. Men sanninga er at mange betalar verken moms eller skatt. Einingsregisteret slettar  årleg mange slike verksemder, fordi det vart avdekka at dei opererte med fiktive forretningsadresser, seier Kjellfred Nydahl, satsingsleiar for Bygg og anlegg  i Skatt Midt-Norge.

Skatteetaten samarbeider tett med Økokrim og Økoteam i politidistrikta for å sikre at vi får inndreve skatt og avgift før pengane forsvinn til utlandet.

Manglar papir og løyver

- I kontrollane til politiet vert det avdekka at arbeidstakarane svært ofte ikkje har arbeidskontraktar eller ID-kort. Fleire manglar også gyldig opphalds- og arbeidsløyve, seier tilsynsleiar Jan Erik Rinnan i Arbeidstilsynet Midt-Norge.

Arbeidarane får betalinga si stort sett svart, dei får sjeldan feriepengar eller vert forsikra mot arbeidsulykker. Kontrollane viser at det vert brukt ulovleg utstyr, arbeidarane har lite verneutstyr og mange av køyretøya er ikkje i forskriftsmessig stand. Tidlegare er det registrert episodar der rumenske arbeidarar oppsøker NAV, etter å ha vorte dumpa av sine britiske

- For politiet er etterforskinga utfordrande då det viser seg å vere vanskeleg å kome til bakmennene, forklarar Klokkersund. Firma skiftar også ofte eigar. Dersom politi, arbeidstilsyn, toll og skatteetat set i gong og kontrollerer verksemdene reiser dei til eit anna distrikt eller område og tilbyr sine tenester. Derfor går vi ut med åtvaringar, med jamne mellomrom.

Framleis marknad

– Når steinleggarane ikkje opplyser om si omsetning til Skatteetaten, kan forbrukarane som har kjøpt tenester av desse verksemdene bli medansvarlege for skatt og avgift som ikkje er betalt. Fleire kundar i Skatt Midt-Norge sin region har fått krav om å betale meirverdiavgift som steinleggarane ikkje hadde gjort opp for seg, seier Kjellfred Nydahl i Skatteetaten. Andre har fått førelegg av politiet.

Tilboda frå useriøse steinleggarar treng heller ikkje vere prisgunstige. Det er døme rundt om i landet på at steinlegging ein trudde skulle vere rimeleg ved å bruke useriøse aktørar, har kome på over 200 000 kroner. – Vi kjenner til døme der seriøse firma har operert med halve prisen av det omreisande steinleggarar har klart å få kunden til å akseptere, seier Nydahl.

Kan vere trugande

- Vi har  erfart at dei som kjøper tenester utset seg sjølv for risiko. Vi veit at desse personane kan vere pågåande og ha ei truande framferd overfor dei som vert kontakta.  Det er oppretta fleire straffesaker etter at steinleggarane har brukt vald og truslar for å presse kundane for pengar, også her lokalt, fortel Klokkersund.

Om situasjonen tillet dette utan at det verkar provoserande, ta skiltnummer på bilen og kontakt operasjonssentralen vår om du får tilbod frå nokon som vil ta på seg denne type oppdrag i oppkøyrselen din.

Om du ringjer 02800 rykkjer vi ikkje ut kvar gong, men miljøet vert kartlagt og politiet noterer seg kven og kvar desse er. Politiet vil derfor ha slike meldingar om du kjem opp i ein situasjon som stemmer med dette vi har informert om her.