Dei siste 15 åra har det kome på plass nytt hotell, nye omsorgsbustader, ny ungdomsskule, nytt fotballstadion, ny idrettshall, ny hovudgate, nye vegar, nye bustadfelt og ei generell forskjønning av sentrum. Alt i kommunal regi eller med kommunal innblanding. Noko av det same har skjedd i Fosnavåg. Kva har dei gjort annleis enn Ørsta?

– Dette arbeidet går tilbake til då vi tok bystatus i år 2000, og bestemte oss for at sentrum skulle få eit løft. Erfaringa vår, som eg gjerne deler med Ørsta, er at det ikkje er nokon openberr «quickfix» her, men at dette er krevjande prosessar som tek tid, seier rådmann Einar Vik Arset i Ulstein.

Samarbeid

Trepartssamarbeidet har stått sentralt i mange av prosjekta i Ulstein. I mange prosjekt har utgiftene vorte delte mellom private, kommunen og fylkeskommunen gjennom det såkalla tettstadprogrammet.

– Vi har jobba i små steg, men heile tida hatt ein overordna plan om kva vi ønskjer å oppnå. I Ulstein er det også ein forvaltningskultur det administrasjonen får frie fullmakter frå politikarane til å forhandle med private og utarbeide planar før dei blir lagde fram i politiske organ. Dette har vore ein uttalt politikk frå Ulstein side, og eg trur det har gjort prosessane betre seier Arset.

Også i Fosnavåg har det vore stor utvikling i sentrumsutviklinga siste tida. Her har det kome på plass både nytt hotell, konserthus og badeland.

– Ein nøkkel for oss har vore  å få private med på laget på ein skikkeleg måte, å vekke til live  patriot-kapitalen, om du vil. Det nye konserthuset kosta 95 millionar kroner, åtte av desse er kommunale. På Sunnmørsbadet har kommunen i hovudsak stått for uteområdet, seier ordførar Arnulf Goksøyr (H) i Herøy.

Også i Ulstein har den private kapitalen vore med på mange prosjekt.

– Private pengar har alltid ein del å seie, men det er ikkje nødvendigvis utslagsgjevande, seier Arset.

Likte Fossen-utspel

Ulstein-rådmannen har fått med seg utspelet til Lars Oscar Fossen i Møre-Nytt laurdag, og gir skryt for initativet.

– Det er flott at nokon tek initiativ til ein slik dugnad. Det viser at det er vilje til å få til noko.

Han presiserer at Ulsteinvik og Ørsta ikkje er direkte samanliknbare.

– Ein viktig skilnad er at Ulsteinvik i stor grad består av sjøfylling. Dette vart gjort i kommunal regi, og difor har også kommunen hatt kontroll over og forvalta ganske store delar av sentrum, seier Arset.

Han legg ikkje skjul på at også Ulstein har hatt krevjande forhandlingar med grunneigarar og andre private krefter.

– Ein kommune og grunneigarane har aldri heilt like preferansar, så slike forhandlingar er aldri enkle, verken for oss eller for Ørsta.

Gjeld

– Nokre vil vel hevde at ja, Ulstein har fått til mykje, men Ulstein har også stor gjeld?

– Det er rett, og det er også rett at vi har stor gjeld. Men det er skilnad på gjeld med inntekt og gjeld utan inntekt. På Høddvoll Stadion leiger til dømes idrettslaget av kommunen, slik at det betjenar gjelda. Dei nye omsorgsbustadane generer også betydelege inntekter. Men vi har også prosjekt som ikkje genererer slike inntekter, som til dømes lokale vegar.

– Men det er vel risiko knytt til ei slik lånegjeld?

– Det er det, men det er i det minste ein kalkulert risiko. Og så har vi nok eit mindre vedlikehaldsetterslep på offentlege byggg enn det mange andre kommunar har, så vi har lågare utgifter der, seier Arset.

Rådmann Einar Vik Arset i Ulstein. Foto: Ingvild Aursøy Måseide/Vikebladet Vestposten
Arnulf Goksøyr, ordførar i Herøy (H).