- Orgelet i Vartdal kyrkje har vorte ein organisk heilskap.

Slik lovprisar orgelkonsulent Karstein Askeland det nye orgelet i Vartdal kyrkje. Han var spent før innviinga søndag, for resultatet av eit slikt spesialbygd orgel veit ein aldri. Etterpå var han berre glad.

Det var også kantor Marie Austrheim Riise.

– Før gudstenesta og festkonserten i dag har eg øvd vel ei veke på orgelet. Det svarar til forventningane. Det er nok her eg kjem til å øve her etter, seier Austrheim Riise.

Opninga av orgelet vart markert både laurdag og søndag. Laurdag var det konsert med Rein Aleksander, men han vart akkompagnert på piano. Ingen skulle høyre bruset frå orgelet før under gudstenesta søndag føremiddag.

Det er sju år sidan arbeidet med nytt orgel byrja. Då var det gamle orgelet i elendig stand. No er altså det nye på plass.

– Vi har fått bygt eit orgel som vil vare i 100 til 150 år, og då er det berre å skifte ut slitne deler, og det vil kunne vare endå lenger, seier ein oppglødd Vartdal. Han takkar dei som har vore med han i nemnda, bygdefolket som har vore med på dugnaden og konsulent og orgelbyggjarar.