Lars Oscar Fossen synest det er flaut å ta med besøkande på ein spasertur gjennom sentrum av Ørsta. Bygg som ein gong var tiltalande, står fram som falleferdige.

– Forfallet har kome mykje siste tre-fire åra, Men no må det vere nok. Store delar av sentrum ser berre ikkje ut, og mangelen på vedlikehald av private og kommunale bygg er stor. Ja, det ser ut som ein slum i delar av sentrum, og mange snakkar om kor gale det er. Situasjonen er skjemmande og han er pinleg. Det er vel ikkje slik vi vil ha det vi som er så glade i heimbygda vår?

No tek Fossen til orde for ei storstilt mobilisering for ein folkedugnad som skal løfte Ørsta sentrumsområde til å verte pent og noko ein kan vere stolt av.

– Eg eig ikkje noko bygg i sentrum, men er likevel så interessert i å få gjort noko at eg vil spandere 100.000 kroner på tiltak som kan gjere sentrumsområdet penare. Og eg har eit stort håp om at mange, både kommunen og private, entreprenørar, reinhaldsverket, lag- og organisasjonar, ja, alle som kan bidra på ein eller anna måte, anten det er å bruke ein målarkost eller å rive eit bygg, stiller opp for eit felles løft for eit finare sentrum, seier Fossen.

Han fortel at fleire firma alt har sagt seg villige til å bidra.

Eigar

Lars Oscar Fossen har i mange år drive med eigedomsutvikling, og er sjølv eigar av eit praktbygg på Strømpeneset. Fossen er også mannen som kjøpte den gamle fabrikkbygget som no er Ørsta Brygge. Han starta utan pengar, og han fekk det til.

– Folk rista på hovudet av meg både då eg kjøpte det gamle lenestolfabrikk-bygget og fabrikklokalet på Strømpenset, men eg visste at eg ville få det til. Det handlar om vilje og visjonar. Har vi vilje til å gjere noko med Ørsta sentrum, og mange er villige til å mobilisere, så får vi det til, garantert. Men det krevst handling og initiativ, seier Fossen.

Han meiner ein del aktørar har sove i timen.

– Slik ein del sentrumsbygg no ser ut, så handlar det om miljøkriminalitet. Eg har snakka med nabokommunane om dette, og dei er samde. Ta ein tur til ytre eller Volda eller Stryn, der finn du ikkje slike forhold, men her i Ørsta skal det visst vere greitt å ha ståande særs skjemmande bygg utan at det får konsekvensar, her flyt rot og søppel på vegane utan at dei ansvarlege bryr seg, beklagar Fossen. Han er ikkje ute etter å «ta» eigarane av bygg som er lite tiltalande, dette gjeld både kommunen og private. men han meiner eigarane må ta sin del av ansvaret for at sentrum i dag står fram i stor grad som nedslite og «skite», slik Fossen vurderer situasjonen.

Omvegar

– Det er gale når folk køyrer omvegar med forretningskundar for at dei ikkje skal sjå slummen i sentrum.

Fossen meiner det ikkje finst noko unnskyldning for situasjonen.

– Same korleis situasjonen er for Mørebil-tomta, så burde bygget der vore rive for lenge sidan. Det ligg midt i indrefileten og skjemmar eit stort område. Det same kan eg seie om «Ørsta Fisk-bygget» i Webjørn Svendsen-gata. Få det rive umiddelbart. Bygget ser ikkje ut, meiner Fossen. Han synest det er meir enn merkeleg at ikkje det politiske miljøet er meir medvite den ringe situasjonen for sentrum.

– Hadde eg vore ordførar, hadde eg sørga for at ting vart ordna opp i for lenge sidan. For kommunen har svikta. No må det berre takast eit fellas ansvar, og setjast i verk ein sentrumsdugnad. Eg skal bidra det eg kan. Vi er vel alle interessert i at Ørsta skal ha eit pent, tiltalande sentrum som vil skape etableringslyst og trivsel, og vere det hjartet i Ørsta vi kan vere stolte av? Spør Lars Oscar Fossen.

– Her er mange dyktige i kommunen, så dette får vi til!