– Eg er heilt samd i at det er på tide at det blir oppretta eit vegselskap som skal jobbe for å gjere vegbygginga meir samanhengande. Det fortener Regjeringa skryt for, seier Paul Kristian Hovden, avtroppande leiar i Fefast og varaordførar i Ørsta (KrF).

Denne veka kunngjorde Regjeringa at dei opprettar eit statleg vegselskap. Selskapet får 130 milliardar kroner og ansvaret for sju vegstrekningar. Ingen av strekningane er i Møre og Romsdal.

Hard konkurranse

– I konkurranse med prosjekt i byregionane sør, nord og ikkje minst aust for oss, må prosjekta vere realistiske og samfunnsøkonomisk forsvarlege for å nå opp. Når vi ser dei enorme summane Hafast no er anslått til å koste, er det ikkje rart vår region ikkje blir prioritert, seier Hovden.

Dei siste utrekningane til Vegdirektoratet, viser at brua over Sulafjorden vil koste 38 mrd. kr. Hovden meiner den nye vegpolitikken og valet av Hafast står i grell kontrast til kvarandre.

Brest i politikken

– Samferdsleministeren argumenterer på ein måte og handlar på ein annan. På den eine sida vil han ha rask og god vegbygging, og mest mogleg veg for pengane. På den andre sida vel han Hafast som trasé for E39 gjennom Sunnmøre, som økonomisk sett er heilt urealistisk.

– Men korleis ville Fefast kome ut av ei utrekning tilsvarande den Vegdirektoratet har gjort for Hafast?

– Med ein langt lågare pris. Prosjektet er både kortare og flatare, og langt meir realistisk enn Hafast. Om departementet meiner alvor med at dei vil ha mest mogleg veg for pengane, burde ikkje Hafast vore valt. Og det kan hende det er det dei ser no, når Hafast ikkje når opp i konkurransen med prosjekt i andre delar av landet. Her er det kjøtvekta som tel, seier Hovden.

– Er det realistisk å få til ein snuoperasjon for trasévalet no?

– Eg lever i trua på at fornufta vil sigre. Når nok folk innser kor dyrt, urealistisk og langt fram i tid Hafast er, håper eg det endar i eit nytt vedtak.