– Berre her i Masdalen er to dyr påkøyrde denne veka, seier Eivind Masdal til Møre-Nytt. Han bur i Masdalen i Vartdalsstranda, og kvart år ser han at hjort etter hjort blir påkøyrde i trekkperioden.

Ei av årsakene til at det er mykje hjort langs E39 i Vartdalsstranda, er at dyra kjem symjande over fjorden frå Hareidlandet etter vinteren. For å kome opp frå fjøresteinane, må han nødvendigvis over hovudvegen.

– Det er jo berre ei kort periode kvart år dette går føre seg, men det er mange dyr som må bøte med livet i denne perioden, seier Masdal.

Han meiner folk i altfor liten grad tek omsyn til dyra når dei er ute og køyrer.

– Folk køyrer som om dei har stole bilen, og då er det ikkje rart dei ikkje klarer å stogge.

– Kan det vere at dei ikkje er klar over hjortefaren?

– Mange av bilistane er pendlarar, og dei bør ha fått med seg at det er mykje hjort langs Vartdalsstranda, og særleg i desse tider, seier Masdal.

Han er også kritisk til varslinga langs vegen.

– Det er montert opp eit skilt, men det burde vore varsla langt betre der det er stor hjortefare. Det kunne godt vore mellombels varsling i trekkperiodane. Eg har vore i kontakt med landbrukskontoret om dette. Dei seier dei har sendt førespurnader til Statens vegvesen, utan å få svar.

Landbrukssjef Liv Bente Viddal i Volda og Ørsta stadfester at dei ikkje har fått svar frå Statens vegvesen på førespurnadane.

– Før hjortetrekktunnelen kom på plass i Furene, var det vel brukt slike mellombelse skilt med lys. Så det er mogleg, men eg er usikker på kor effektivt det er, seier Viddal.

Rapportane ho har fått, er at det har vore ein del hjortepåkøyrslar både i Vartdalsstranda og andre stader i kommunane den siste tida. Det har ikkje lykkast Møre-Nytt å kome i kontakt med ettersøksringen i Volda og Ørsta, som har den fullstendige oversikta over dette.

– Når hjort blir påkøyrd, skal politiet varslast. Dei tek kontakt med viltnemnd og eventuelt ettersøksring, seier Viddal.