Sven Castberg og Per Are Sørheim, begge Høgre, forsvarte dette i Levekårsutvalet denne veka i samband med ein statusrapport om omsorgstenestene.

– Vedtaket om å byggje på legesenteret i Dalevegen blokkerer flyttinga av heimebasert omsorg frå Ørstaheimen til lokala for dagens legesenter, ei rimeleg løysing som vi var i ferd med å realisere. I tillegg blokkerer legesenter-vedtaket for bygging av omsorgsbustader, sa Castberg.

– I dag brukar ein ei sjukeheimsavdeling på Ørstaheimen til kontor, og dei må vere landets dyraste. Viss ein unngår å byggje på dagens legesenter, men i staden set opp eit eige bygg ved legesenteret, vil ein klare å få inn heimesjukepleia raskt i eksisterande legesenter, sa leiaren i levekårsutvalet, Sven Castberg.

Per Are Sørheim støtta utspelet.

– Vi må frigjere plass på Ørstaheimen for å få etablert fleire kortidsplassar, og då må heimebasert omsorg ut av huset. I tillegg må det på Ørstaheimen frigjerast plass til dagavdeling for demente, og så må helsestasjonen styrkjast, sa Sørheim på møtet.