Valstyret i Ørsta skal tysdag avgjere røystetidene til kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten. Talet på røystekrinsar og valdagar er alt avgjort. No ligg forslaget til røystetidspunkt føre.

På Vartdal (VD-hallen) og Sæbø (Sæbø skule) er det foreslått valting måndag 14. september kl. 13.00 – kl. 20.00.

På Bjørke (Haukly) er det høve til å røyste måndag 14. september kl. 13.00 – kl. 18.00

I sentrum (Ørsta kulturhus) er det høve til å røyste søndag 13. september frå kl. 13.00 til kl. 18.00 og måndag 14. september i tidsrommet 09.00–21.00

Førehandsrøystinga i Ørsta kommune skal haldast ved servicekontoret på rådhuset i kontortida, måndag–fredag frå kl. 09.00 til kl. 15.00 i perioden 10. august – 11. september.

Vidare skal førehandsrøystinga gjennomførast slik:

Servicekontoret fredag 28. august langope til kl. 18.00 og ope laurdag 5. september kl. 10.00–14.00.

Ved institusjonane: Vartdal Helsetun: måndag 24. august frå kl. 11.00 til kl. 12.30, Hjørundfjordheimen: tysdag 25. august frå kl. 10.00 til kl. 12.00, Ørstaheimen, aldersavd./sjukeavd onsdag 26. august frå kl. 10.30 til kl. 12.30

og Bakk- Ola marka: fredag 28. august frå kl. 11.00 til kl. 12.00

I Norangsfjorden (tidlegare Urke skule): tysdag 25. august kl. 13.30 til 16.15.

Det er også høve til å søkje valstyret om ambulerande førehandsrøysting, og fristen vert sett til onsdag 2. september.