Havforskingsinstituttet har levert sin rapport for 2014 frå det nasjonale overvakingsprogrammet av norske vassdrag. 140 vassdrag vert overvaka, og forskarane konkluderer med at det er låg til moderat innblanding av rømt oppdrettslaks i 85 elvar og høgt innslag i 30 elvar.

Både Ørstaelva, Bondalselva, Storelva på Vartdal og Vikelva på Bjørke er blant elvene som vert overvaka. Av 104 laks i Storelva var 102 villaks og to oppdrettslaks, og elva hamna i kategorien låg til moderat. Under sportsfisket i Ørstaelva vart det ikkje registrert oppdrettsfisk. I haustfisket stamma 3 av 32 laksar frå oppdrett, og elva hamna i kategorien låg til moderat.

Under sportsfisket i Bondalselva var 2 av 65 fisk av usikkert opphav, og frå stamfisket var 1 av 28 fiskar frå oppdrett. Bondalselva hamna i same kategori som dei to andre elvane.

Vikelva hadde for få prøver til å få eit representativt resultat.