Tradisjonen tru arrangerer fotballgruppa i Sæbø IL påskerebus. Langfredag og 1. påskedag er det klart for fysisk trim og hjernetrim.

– Opplegget i år følgjer same lest som tidlegare år. Det vil seie at det vert konkurrert gruppevis. Det er minimum to personar på kvar gruppe, og inga gruppe kan ha meir enn seks vaksne personar, fortel Alexander Riise Olsen i fotballgruppa.

Det er start og mål ved klubbhuset, og ute i løypa vil folk finne seks postar, der det er spørsmål av ulik vanskegrad i tenkjelege og utenkjelege kategoriar. Vaksne er ein etter 10ande klasse.

– Som vanleg stiller sponsorane velvillig opp for Sæbø IL, og det ventar flotte premiar. Det vert premiar til dei beste laga kvar dag, premie for deltaking begge dagar og loddbok, fortel Riise Olsen.

På klubbhuset vert det begge dagar kiosksal og i tillegg vert det selt rømmegraut på skulen Langfredag. Det er premieutdeling kl. 17.30 på klubbhuset begge dagar.

– Alle hjelpemiddel, som t.d. mobiltelefonar, er forbode under påskerebusen, poengterer Riise Olsen.