Sunnmøre FpU valde sist helg nytt lokallagsstyre, der mellom anna ørstingen Anbjørn Steinholm Frislid vart vald som leiar.

Fredag 27. mars heldt Sunnmøre Framstegspartiets Ungdom årsmøte på Quality Hotel Waterfront i Ålesund.

– Her møttest engasjerte liberalistar for å diskutere lokallaget sine retningsliner det komande året. Det vart også halde kurs om blant anna samferdsel og om liberalisme, heiter det i ei pressemelding.

På årsmøtet var det også val. Her vart Anbjørn Steinholm Frislid frå Ørsta vald som leiar i lokallaget. Rebekka Nordhøy frå Ålesund blei vald som nestformann, Håkon Strand som kasserar, og Ole Tonning Aanderaa, Martine Jordana Baarholm og Mariell Roald som styremedlemmer. Renate Garnes vart 1. vara til styret.

Frislid har dei siste åra fått mykje erfaring ifrå politikken. Han har tidlegare vore leiar i Møre og Romsdal Framstegspartiets Ungdom og stiller no som 6.-kandidat på lista til Ørsta Frp.

FpU er ikkje i tvil om at han vil gjere det godt i valkampen som snart byrjar.