– Det er i hovudsak gode og fine forhold på fjellet. Men ver klar over at det på toppane, er hardt og glatt.

Det seier Knut Hustad i Bondalen. Han er ein av dei som likar å gå toppturar på ski.

Måndag var han på Skårasalen. Det vil seie nesten på Skårasalen.

– For då eg kom på om lag 1.300 meters høgde vart snøen veldig hard og glatt. Det var mange skigåarar på veg mot toppen denne dagen, og dei aller fleste snudde på om lag 1.300 meter. Sjølve fjelltoppen ligg på 1.542 meter, fortel Hustad.

Og grunnen til at folk snudde var at det vart for hardt.

– Og slik er det på dei aller fleste toppane. Vinden har polert snøen til hard is. Skal folk på toppane, må dei nytte isøks og stegjarn. Det nyttar ikkje utan, seier Hustad.

Han lovprisar forholda under 1.200–1.300 meter.

– Det er fantastiske forhold med god styresnø, seier Hustad.

Han presiserer at han ikkje vil seie noko skredfare. Det må folk sjekke på varsam.no eller andre kjelder.

* * *

Natt til onsdag kom det ein del nysnø i fjella.