MOST Solutions frå Kristiansund fusjonerte 1. februar 2015 med Norwegian Group i Volda.

Norwegian Group er allereie godt etablert innan tilkomstteknikk, NDT og Stillas. Med denne fusjonen har selskapet no vesentleg auka kompetanse innan integritetstenester, prosjektstyring og inspeksjon av laust og fast boreutstyr.

MOST Solutions er eit ungt selskap som vart oppretta 12. desember 2013, med spesialkompetanse innan inspeksjon av boreutstyr. Gründerane av selskapet var Morten Borøchstein og Stuart Mackle, med Marit Grønseth som dagleg leiar. Etter fusjonen er dei i dag ein del av administrasjonen og det operasjonelle i Norwegian Group.

Dagleg leiar i Norwegian Group, Per-Bjarne Skarstein, fortel at fusjonen mellom selskapa har mykje å seie for framtidige prosjekt.

– Ei rekkje gode kvalifikasjonar og årevis med erfaring er implementert og gjer selskapet sin posisjon i marknaden sterkare enn nokon gong, seier Skarstein.

Mot straumen

Norwegian Group har jamt med oppdrag og mange ballar i lufta, og er ein av få i denne marknaden som verken har permittert eller sagt opp tilsette.

– Tvert i mot tilset vi kontinuerleg nye medarbeidarar i administrasjonen og på operatørsida, seier Skarstein.

– Økonomien i selskapet er stabil og dette gjev tryggleik for kundane våre. Med denne fusjonen satsar og veks selskapet trass i ein generell nedgang i marknaden. Vår strategi om å levere høgkompetent personell innan inspeksjon, vedlikehald og modifikasjon, har vist seg å vere ein suksessfaktor så langt. Desse suksessfaktorane vert vidareført inn i dei produkta vi har i samband med teknisk tryggleik til riggmarknaden. Bidraget vårt i marknaden er at vi skal halde fram med å levere tenester til ein behageleg pris utan at det går på kostnad av tryggleik og kvalitet, fortel Skarstein.

Ifølgje Stuart Mackle og Morten Borøchstein kan Norwegian Group no tilby kundane sine spisskompetanse innan bore- og subseautstyrs inspeksjonar, periodisk kontroll av løfteinrentninger og utstyr i tillegg til kompetanse og erfaring innan NDT (Non-Destructive Testing).

- Vi sjekkar alt av utstyr som går frå toppen av boretårnet og ned til havbotnen og dessutan utstyr som brukast nede i boreholet, seier Mackle.

Norwegian Group kan no skilte med høg kompetanse innan BHA-inspeksjonar (Bottom Hole Assembly), ved bruk av NS2 sertifisert personell.

– Denne fusjonen har opna for nye sjansar, og det vert stadig arbeidd med å vidareutvikle produkta og tenestene våre for å tilby samarbeidspartnarane våre eit spesialtilpassa produkt, seier hovudaksjonær Kay Ove Johansen.

Han ventar at mykje spennande  skjer framover.