Stein Aam (Sp) meiner det vil vere feil at Ørsta som den største aksjonæren i Tussa skal drage med seg store Tussa-verdiar inn i eit nytt kommunefellesskap og storkommune dersom innbyggjarane i Ørsta meiner det er rett å gå for kommunesamanslåing gjennom folkerøysting, ein metode Aam ivrar sterkt for.

– Ørsta har i dag store investeringsbehov. Vi skal mellom anna byggje legesenter, fleirbrukshall og omsorgsbustader, og vi har behov for å bruke mykje pengar på bygg og vedlikehald av skular. Med ein eigardel på kring 36 prosent i Tussa kan Ørsta hente ut i alle fall eit par hundre millionar som kan nyttast til gode samfunnstiltak, meiner Aam. Han viser til at Ørsta framleis vil vere majoritetseigar i Tussa etter ei nedjustering av aksjeposten.

Vedtak

Nyleg gjorde kommunestyret vedtak om å gå vidare med bygging av ny fløy ved legesenteret i Dalevegen. Sjølv om pengar frå aksjesal i Tussa etter Aam si vurdering kan nyttast til dette prosjektet, er han likevel klar på at det på ingen måte er avgjerande for finansieringa av nytt legesenter.

– Til det svarar eg eit klart nei! Ørsta kommune har råd til å byggje legesenter utan Tussa-pengar. Eg vil tru at eit tilbygg vil koste mellom 40 og 45 millionar kroner. I renter og avdrag vil det koste kommunen to millionar i året å betene eit lån på denne storleiken. Det er om lag det same som det ville ha kosta å ha legesenter med helsestasjon i Nordea-bygget, seier Aam. Han viser til tal frå Levekårsutvalet om kostnader på 600.000 kroner i året for å etablere helsestasjon i Nordea-bygget.

– Motstandarane av utbygging i Dalevegen hevdar at eigedomsskatten må aukast for å få finansiert legesenteret. Kva seier du til det?

– Det er totalt uaktuelt for Senterpartiet å gå inn for det. Det må veljarane notere seg. Ein må hugse at kommunen kjem til å få overskot på kring ti millionar kroner, slik eg har høyrt, utan at det er offisielt. Legesenteret skal vi utan problem klare å finansiere på ein sunn og god måte.

– Kva med fleirbrukshallen, klarar ein å finansiere den også?

– Ja, det skal vi klare. Men eg trur nok at det kan vere fornuftig å utsetje dette prosjektet eit års tid eller noko slikt, slik at vi får samkøyre hallbygging med bygging av ny vidaregåande skule i Ørsta. Han skal etter planen realiserast i 2018/19. På den måten får vi med oss fylket i finansieringa, seier Aam.

Ikkje motsetnad

Han gjer det klart at det ikkje er nokon motsetnad mellom legesenter og fleirbrukshall.

– Eg har jobba for idretten i Ørsta i over tretti år, og er svært gira på at vi får ein skikkeleg idrettshall i bygda. Men det går an å ha to tankar i hovudet samtidig, og tenkje legesenter-utbygging samtidig som ein planlegg fleirbrukshall.

I vedtaket om legesenter heiter det at tiltaket vert å legge inn i økonomiplanen 2016–2020 og i årsbudsjettet for 2016. Og at oppstart av bygging skal skje tidleg 2016 med prosjektering i 2015.

– Dette betyr vel at det snarast må startast prosjektering?

– Ja, heilt klart, over påske bør administrasjonen vere i gang med planlegging av utbygginga. Eg forventar då at det skjer noko i tråd med vedtaket. Vi politikarar må følge godt med på framdrifta i saka. Dersom administrasjonen skuldar på dårleg kapasitet, må dei leige inn kapasitet slik dei har gjort i tilsvarande saker, meiner Aam.

Han minner om at det for tida er mangel på oppdrag hjå entreprenørane.

– Difor vil vi kunne få ein særs gunstig pris dersom vi snarast får inn tilbod på bygging av legesenter, seier Stein Aam.

Han seier han har fått mange gode tilbakemeldingar etter vedtaket om utbygging av dagens legesenter.

– Ja, det er ikkje tvil om kva folk flest meiner i denne saka, seier Aam.

Han meiner saka om legesenter har innehalde unødig mykje politisk støy, og synest ordføraren må ta sin del av skulda for dette.

– Eg synest det var rart at vi først på siste møte i kommunestyret endeleg fekk vite kostnadene for å byggje om Nordea-bygget, noko vi lenge hadde etterlyst. Tidlegare snakka ordføraren om å måtte lukke møte og om konfidensielle opplysningar. Med eitt var ikkje dette så nøye, og opplysningane kom i eit innlegg med temperatur.