Arbeidsutvalet i barnehagen skriv no brev til Ørsta kommune der dei bed kommunen om å gjere grep.

– Barnehagen er ein viktig start på livet, og det er ein stor fordel for både tilvenning i skulen og sosialisering elles at borna har tilknyting til kvarandre før skulestart. Vi ser difor eit sterkt behov for at alle borna skal kunne få eit tilbod her, skriv utvalet, representert ved Hildegunn Welle og Janita S. Krøvel.

Dei fortel at det også tidlegare år har vore fleire som ikkje har fått plass i barnehagen, og at søsken har vorte splitta, og at mange fortvilte foreldre har teke kontakt med dei.

– Det er tydeleg mangel på rom for nyetablerte og nye verdsborgarar. Elles er det svært trongt i garderobane og elles i barnehagen. Mellom anna vert kjøkkenet brukt som leikeapparat, opplyser dei.

Arbeidsutvalet seier til kommunen at dei meiner at det burde vere ei prioritert oppgåve at dei som vel å busette seg på Dalane har eit tilbod i området, og i det minste at søsken får vere samla.