Laurdag 21. mars vart Crister Aalberg Næss frå Bergen, Petter Remen Hanssen frå Malvik og Andreas Heggdal frå Ørsta, heidra med diplom frå Norges Livredningsselskap for sin heltemodige innsats då dei redda ein vaksen mann frå drukningsdøden.

Heidringsseremonien fann stad i Lillestrøm i samband med messa «Sjøen for alle». Til stades under heidringa var også ordførar Knut Sjøvoll frå Malvik kommune og nokre skodelystne som vitja messa.

Hendinga skjedde tidleg på våren i fjor. Dei tre ungdommane fekk auge på ein mann som klatra på utsida av eit rekkverk ned til Kanalen i Trondheim.

Dei forsøkte å rope til han, men med eitt var han borte. Ungdommane handla som profesjonelle redningsfolk. Samstundes som dei varsla naudetaten, sprang dei ned til elva, der dei måtte over eit høgt gjerde før dei kom seg ned til vatnet. Området der mannen låg i vatnet var avstengt slik at dei måtte hoppe nokre meter bort og ned for å kome til bryggja, noko dei akkurat klarte.

Der låg mannen i den stride straumen og forsøkte å halde seg fast mellom to flytebryggjer. Han miste etter kvart medvitet, og med store anstrengeingar greidde dei å få den nedkjølte mannen opp på bryggja. Der kledde dei av han dei våte kleda, og tok på han sine egne klede.

Hadde det ikkje vore for Crister, Andreas og Petter sin snartenkte handlemåte, kunne hendinga fått ein tragisk utgang. Hovudstyret av Norges Livredningsselskap lovprisar bergarane for framifrå utført jobb og gratulerer med innsatsen.