– Snø kjem det nok, men om det vert berre i høgda eller om den kjem heilt ned veit vi ikkje. Vi vonar også å få behalde nattefrosten som har vore. Nakkeløypa er heil og fin, og i barnetrekket er det rikeleg med snø. I Nottane er det tørr og fin snø, og vi vil lage til mykje aktivitet der i påska. Vi vurderer ein liten park og eit familieområde. Vi har von å få ta i bruk heile anlegget, men vi må sjå det litt an og sjå kor mykje snø som kjem, seier dagleg leiar Frank Harald Velle ved Ørsta skisenter.

Turløypene til Åmskaret er framleis flotte og det vil og verte laga til rundløype over Eitrefjell og inn i Trollkoppen og tilbake igjen.

– Her er det fantastisk utsikt, og vi vurderer å lage til noko mot Veirahaldet. Folk vil kunne ta stolheisen og trekket opp, og eventuelt renne ned att Nakkeløypa.

Skisenteret har ope laurdag og vil ha ope kvar dag fram til og med 6. april. Etter påska vil dei halde ope to helger.

– Alpingruppene, telemarkklubben og forskjellige lag og organisasjon har og arrangement i løpet av påska. Eg vil oppmode folk om nytte heimesida for siste nytt.