At mannen har overlevd, meiner han er god hjelp frå det han kallar «den andre sida». Det fortalde han på næringskonseferansen i Ørsta torsdag.

– Eg er medvite at eg får hjelp frå «den andre sida», eg ber om hjelp, og får det, fortalde eventyraren. Tema for foredraga hans, då han fortalde både om ekspedisjonar og fjernsynsserien «Ingen grenser», var at alt er mogleg.

Viljestyrke

Lars Monsen, som har ete hundemat i ei heil veke for å teste korleis kroppen reagerte på det, må ha verdsrekord i viljestyrke. Han er utdanna lærar, men fann ein dag ut at han ville bruke livet på anna enn å stå bak eit kateter, og at han ville reise på turar og skrive bøker om det etterpå. Og slik vart det. I dag er Monsen ein av dei store norske eventyrarane gjennom tidene. Og dette er definitivt inga pingle. Monsen har lege utandørs over 4000 døgn i sovepose, halvparten vinterstid og nord for polarsirkelen.

Dette er mannen som har møtt 250 bjørnar, og 70 ulvar, og har gått Noreg og Alaska på langs, kryssa Canada og levd eit år på Nordkalotten. Om han har vore redd rovdyra?

- Folk fryktar det ukjende av mangel på erfaring. Det beste forsvarsvåpen vi menneske har overfor ville dyr er kroppslukta. Bjørn er ikkje så farlege som folk trur, det handlar om å vise respekt og halde seg unna. 99 av hundre bjørnar lagar ikkje trøbbel, erfarte Monsen.

For å nå målet ein set seg handlar det ikkje berre om viljestyrke, ein må også ha tolmod, fortalde han ei lydhøyr forsamling.

– At det har gått bra på turane mine handlar også om at eg har stått med lua i handa, i tillegg til å vere fandeninvoldsk, sa Monsen som har hatt tøffe dagar på turane sine. Ein av dei tøffaste var den dagen han avliva favoritthunden Rapp etter at hunden knekte ein fot. Etter å ha lege på ei slede nokre dagar, visste Monsen at han måtte avlive hunden. Han tok han med seg til ein avsides plass, slik at dei andre hundane ikkje kunne sjå det som skulle skje. Så gav han Rapp litt godsaker før hunden vart skoten i skallen.

- Det handla om nådelause forhold. Eg strigrein då eg gjekk derifrå, sa Monsen som er overtydd om at han skulle få sjå hunden att ein dag.

Lars Monsen hadde ei melding til dei som drøymer om ein anna kvardag:

– Alt er mogleg. Får ein problem og utfordringar, gjeld det berre å finne dei gode løysingane.