– Gode tips frå publikum, god etterforsking og godt etterretningsarbeid gjorde at vi klarte å oppklare dette, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle ved Volda og Ørsta lensmannskontor.

Det var to einebustadar på Vartdal som vart utsette for tjuveri natt til måndag 2. februar i år. Ein litauisk statsborgar i tjueåra er no sikta for innbrota.

– Han vart pågripen seinare på dagen 2. februar, og har sete i varetekt i Bergen sidan 3. februar. Vi har gode bevis mot han, seier Hjelle.

Ho kan ikkje kommentere kor vidt mannen har tilstått brotsverka.

Nordfjord

Innbrota blir sett i samanheng med fem innbrot i Nordfjord i den same tidsperioden. Her vart det gjort innbrot i fire bustadar og ein bil. Mannen er også sikta i desse sakene.

– Etterforskinga viser at mannen truleg var åleine om innbrota.

I eitt av husa på Vartdal vart det stole gjenstandar for fleire hundre tusen kroner.

– Det er i hovudsak sølvtøy, smykke og elektroniske apparat som er stole. Dette er gjenstandar som har høg verdi og er lette å ta med seg, seier Hjelle.

Ifølgje Fjordingen vart mannen varetektsfengsla fordi det var fare for at han skulle reise ut landet og unngå straffeforfølging, elle at han skulle øydeleggje eller flytte på bevisa i saka.

Tjuveria i Nordfjord vart gjennomførte i Hornindal og fleire stader i Stryn kommune.

Vanskeleg jakt på tjuvegods

Det meste av tjuvegodset er funne, og vil bli levert ut att til eigarane om kort tid. Politiet gjorde funn av tjuvegods i vårt område 13. mars.

– Tjuvegodset har vore forsøkt gøymt vekk, og det var vanskeleg å finne. Men vi har gjort funn både her i området og i Nordfjord.

Hjelle skryt av samarbeidet på tvers av politidistrikta i denne saka.

– Dette har vore ei stor og viktig sak, og vi har samarbeidd godt med politiet Nordfjord, og det har vore viktig for å løyse saka. Det same har dei gode tipsa vi har fått frå publikum.

Leiar:Grete Hjelle er etterforskingsleiar ved Volda og Ørsta lensmannskontor.