Onsdag ettermiddag rundt klokka 17.30 landa to paraglidarar på Eljas-marka, indre Hareid, skriv Vikebladet Vestposten.

Dei to som hang i stroppene var Leif Gunnar Brandal og Robert Haugen, begge frå Hareid.

Sjå video frå flyturen i vindauget over.

Tre timar og førti minutt tidlegare hadde dei glide ut frå Bondalseidet ved Ørsta skisenter, vore ei runde innom Sæbø, tilbake til Ørsta skisenter, vidare til Follestaddalen og Nordre Vartdal. Der kryssa dei Vartdalsfjorden, flaug over Hjørungdalsvatnet i Hareid kommune, flaug over Melshornet og landa på Eljas-marka.

Litt kaldt

- Det var litt kaldt. Kulden sneik seg inn under draktene våre, og vi måtte sykle i selen for å halde sånn noko lunde varmen, fortel Robert Haugen.

Leif Gunnar Brandal forklarer at dei må henge med hendene opp i selane heile tida, og at dei under ein så lang flygetur får ein litt laber blodsirkulasjon i hendene.

Magisk

- Turen var magisk. Vi flaug opp i 1600 meters høgde, og i det fine veret som har vore i dag var det fantastisk å flyte over Sunnmørsfjella, kommenterer Brandal.

- Vi veit ikkje om nokon annan som kan bevise at dei har floge denne ruta før, legg han til.

Robert Haugen har drive med paragliding sidan 1997, Leif Gunnar Brandal sidan 2005. På spørsmålet om det ikkje er uansvarleg av to unge fedre å driv på med ein slik sport, svarer Haugen.

- Vi er klar over at det er ein risikosport, og at det kan skje uhell, men så blir han avbroten av Leif Gunnar Brandal.

- Men på det nivået vi har kome no, torer eg påstå at det er farlegare å køyre bli.

Begge karane er samde om at turen frå Bondalen til Hareid var magisk.

Les fleire saker frå Vikebladet Vestposten her.

Etter ein flygetur på tre timar og førti minutt landa Robert Haugen (t.v.) og Leif Gunnar Brandal på ei mark indre Hareid onsdag ettermiddag. Foto: Anne Gry Eilertsen/Vikebladet Vestposten