Det vart i fjor sett ut 111.650 planter i Ørsta og Volda.

– Denne plantemengda var langt meir enn det var tilskotsramme til, men ikkje meir enn det burde ut frå det svært store arealet som skal kultiverast etter Dagmar, seier Landbrukskontoret i eit skriv.

Dei seier at det vil ta fleire år å få arbeidet gjort.

– Dei økonomiske rammene er i minste laget, men desse skal i alle høve brukast godt. Problemstillinga med rask attgroing av hogstflatene og ønskt ventetid med utplanting grunna snutebilla er eit stort dilemma for skogkultur-arbeidaren.

Det er tilrådd ventetid etter hogst på 2–3 år før planting, og landbrukskontoret oppmodar alle som har hogstflater etter Dagmar frå 2012, og som ikkje har planta, om å gjere dette i vår.

– For den som vil er det sjølvsagt råd å utføre plantinga sjølv. I fjor utgjorde sjølvplanting vel fem prosent av dei utsette plantene, resten var ved innleigd arbeidskraft.

I Ørsta og Volda vert det gitt 60 prosent statstilskot til kultivering/planting. Eigedelen på 40 prosent kan verte dekt av skogfond.