Ungdomsrådet i Ørsta ynskjer å verte meir synlege, og måndag kveld inviterte dei til rekrutteringsmøte på Kaihuset med politisk debatt.

I dag består Ørsta ungdomsråd av ni representantar fordelt på ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane, i tillegg til ein politisk representant.

– Eg trur ikkje så mange ungdomar veit om oss, og vi ynskjer å vise å oss fram. Ørsta ungdomsråd skal representere ungdomen sine meiningar i politikken, sa leiar Lisa Marie Follestad til dei frammøtte.

– Lærerikt arbeid

Sakene som vert tekne opp i Ørsta ungdomsråd startar gjerne med eit innspel der ungdomsrådet bestemmer seg for å jobbe med saka eller ikkje jobbe med den. Om saka har fleirtal etter ein diskusjon og votering jobbar ungdomsrådet vidare, og kjem fram kva dei meiner.

– Så startar arbeidet med å få med oss folk i saka. Vi kan gå til aviser eller nytte sosiale medium, og vi prøver å overtyde og legge litt press på politikarane i Ørsta. Om vi møter motstand så gir vi oss ikkje og kjempar vidare.

Representantane i ungdomsrådet understrekar også at det er eit svært lærerikt engasjement.

– Det er viktig med engasjert ungdom. Arbeidet i ungdomsrådet er veldig lærerikt og kjekt. Det er og spennande og du tek med deg verdiane vidare i livet, sa Malin Vartdal.

Ordførarkandidatane i dei politiske partia i Ørsta var invitert til rekrutteringsmøtet for debatt som var vinkla inn mot ungdom. Debatten vart leia av Jonas Bjørneset og politikarane fekk spørsmål frå salen om m.a. ungdom og rus, kulturelle tilbod og kva som skjer med utkantane ved ei kommunesamanslåing.

– Må gjere meir

Salen i Kaihuset var halvfull måndag kveld og Follestad skulle gjerne sett at enno fleire hadde teke turen.

– Her mangla litt ungdom. Eg veit ikkje om vi har flinke nok til å nå ut med bodskapen. Vi har prøvd, men det viser at vi må gjere meir for å vise oss fram.

Ungdomsrådsleiaren har ei klar anbefaling om å engasjere seg i ungdomsrådet, og at arbeidet med å vise betre att vil halde fram.

– Vi vil ha fleire fellessamlingar. Til neste år er det berre ei av oss som er valt, og vi treng å vise oss fram.