– Dette byrjar å haste, for det er i år 75 år sidan andre verdskrigen byrja. Denne våren kan verte den siste sjansen til å heidre dei som ofra mykje og tok stor innsats under den andre verdskrigen, seier Hovde.

Regjeringa sin minnemedalje gjeld både militær og sivil innsats. Hovde er oppteken av å understreke det siste.

– Det kan vere lett å tenkje berre militær innsats i ein slik samanheng, men her er ein ute etter å heidre også den sivile innsatsen. Sivil motstand og haldningskamp var ein viktig del av grunnlaget for frigjeringa, seier Hovde.

Han ynskjer altså tips på kandidatar til ein slike minnemedalje, og poengterer at det er knappe fristar. Han skal sende ei kandidatliste til fylkesmannen før påske. Difor må namna på plass i løpet av denne veka og komande veke.

– Folk skal ikkje vere redde for å kome med kandidatar. Det er mykje betre med nokre for mange enn at nokon skal verte gløymde, seier ordføraren.

I år er det 75 år sidan den andre verdskrigen starta, og sytti år sidan freden. Dette vil regjeringa markere, og fem datoar er sett av til ymse markeringar.

Den 27 januar vart Holocoastdagen gjennomført.

Den 9. april vert årstalet på Noreg for 75 år sidan markert.

Den 8. mai var frigjeringsdagen og den nasjonale veterandagen feira. Hovudarrangementet vert på Akershus festning i Oslo, men ordførarane kring om i landet er oppmoda om å nytte dagen til overrekking av regjeringa si minnemedalje.

Den 28. mai vert frigjerninga av Narvik i 1940 markert. Det vil skje i Narvik.

Den 7. juni skal unionsoppløysinga med Sverige verte markert. Det er i år 110 år sidan unionsoppløysinga-

Men på den same datoen i 1940 forlèt kongen og regjeringa landet etter to månaders krig, og på den 7. juni i 1945 vende kong Haakon heim etter fem år i eksil.

Balsfjord og Oslo vert vertskommunar for markeringane den 7. juni.