– Vi har ei variert liste i alder, yrke og med mange namn, og lista er representativ for befolkninga.

Dette seier leiar Anne Ellingsen om Ørsta Venstre si kommunevalliste. Partiet er godt i gang med partiprogrammet og det skal vere klart i byrjinga av mai.

– Det er ein demokratisk prosess der både medlemmane og listekandidatane kan kome med innspel. Det er viktig at listekandidatane vert med i prosessen og får eigarskap til programmet innanfor Venstre sine rammer.

Gunnar Knutsen er Venstre sin ordførarkandidat og toppar lista som tel 32 namn.

– Vi er glade over å ha ei liste med så mange namn. Berre førstekandidaten, Gunnar Knutsen, er kumulert. Når resten av lista er ukumulert, er dette gjort fordi vi vil at veljarane i stor grad skal kunne påverke valresultatet.

– Vi er og stolte av å ha ei liste med seksten kvinner og seksten menn, og at kvinnerepresentasjonen er så god, seier Knutsen.

Før årets kommuneval har Ørsta Venstre eit klart mål om å få fleire representantar inn i kommunestyret, og dei har von om eit sterkt Venstre og er opptekne av ein sterk sentrumskoalisjon i politikken.

– Ørsta kommune har store utfordringar, og det er viktig å spele på lag for å finne fram til gode løysingar, seier Ellingsen, seier Ellingsen.

– Vi har vore i ein maktposisjon i denne perioden, og eg meiner at vi har vore med på å få Ørsta kommune på sporet att både økonomisk og på drift. Vi vil svært gjerne vere med og sluttføre dette arbeidet, slik at innbyggjarane i kommunen vår får nyte godt av resultata av dei tiltaka som har vore setje i verk, seier Knutsen.

– Må vere attraktiv

Kommunereform er ei sak som Ørsta Venstre følgjer nøye med på, men dei har ikkje låst seg til noko standpunkt. Oppvekstvilkår for barn og unge er ei viktig sak for partiet. Det same gjeld tiltak for dei som treng ekstra hjelp og støtte uavhengig av alder.

– Vi må sjå enkeltmenneska i sakene, og tenkje førebygging i staden for reparasjon i mange tilfelle. Tidleg innsats og styrking av helsestasjonane er eit punkt som Venstre sentral sett høgt. Fråfallet i vidaregåande skule er ei stor utfordring i Noreg. Tett oppfølging frå tidleg barndom vil kunne redusere dette fråfallet betydeleg. Vi ynskjer og gode vilkår i barnehage og skule med kompetente og velutdanna personale. Personale som sikrar tryggleik i eldreomsorga er viktig og samstundes har det bygningsmessige stor betydning.

Knutsen understrekar at viss Ørsta skal trekke til kompetente arbeidstakarar så må kommunen vere attraktiv.

– Vi må ha fasilitetar som gjer oss attraktive, og fleirbrukshall og ny vidaregåande skule er eksempel på slike fasilitetar. Å sikre seg ny vidaregåande skule i Ørsta har vore ei av dei sakene som Venstre har arbeidd med. Dei som vel yrkesfag skal ha gode rammevilkår og lokale slik at yrkesfag vert sett på dagsorden og får ein verdi som dei fortener. Vi kan ikkje verte ein land med berre masterstudentar, seier Knutsen.

Miljøsaker står sentralt i Venstre sin politikk.

– Det vil det og gjere i denne perioden. Gode kollektive løysing og gang- og sykkelvegar er viktig. Vi må og vere med å nå klimamålet til Noreg. Det er eit formidabelt mål der alle må bidra, og vi må og tenkje nytt.