Ei rekkje vatn på Sunnmøre er regulerte til kraftproduksjon. Dei fleste av desse har svært svekka is.

– På grunn av vasskraftproduksjon vil regulerte vatn ha endringar i vasstand og gjennomstrøyming som er ulike frå forholda til uregulerte vatn. Dette kan påverke isforholda på vatna, skriv Tussa på nettstaden sin.

Skal du ferdast i fjellet og krysse islagde vatn, er det viktig å kontrollere istjukna. Hald deg unna elveosar, for her er isen som regel utrygg.

Ifølgje NVE sitt isvarsel for Møre og Romsdal og Trøndelag, er isen farbar frå 400 meter over havet og oppover. Men dette gjeld altså ikkje nødvendigvis regulerte vatn. Under 200 meter er det full isløysing.