Tysdag kveld vann Ove Røv (64) 1,8 millionar kroner då han vart plukka ut som Extra-kandidat. Frå starten av var han sikra 400.000 kroner, men kunne rykke opp til 2 millionar kroner om tre av dei seks trekte tala var på spelebrettet hans. 75 og 44, som Ove hadde på spelebrettet, vart trekt ut, og det gav ein gevinst på 1,8 millionar kroner.

- Fy flate! No vart eg heilt sjokkert, seier Røv til Norsk Tipping.

64-åringen er m.a. masterstudent og var trygg på at det ikkje vart noko meir lesing etter at gevinsten var sikra. Til Norsk Tipping seier Røv at han ikkje har fått tak i kona som arbeider overtid, men at han kan love ho badet som har ynskt seg.