Det seier leiar i Ørsta Framstegsparti, Hans Olav Myklebust, som reaksjon på at Høgre har gått hardt ut og sagt at det vil vere uaktuelt for dei å gå til ny valkamp med tanke på å innlemme Frp i samarbeid.

Dropen for dei var Ørsta Frp si røysting i legesentersaka, då dei var med på å sikre fleirtal for nybygg på Bakk-Ola-marka, der Høgre ønskte å leige lokale i Nordea-bygget.

– Det formaliserte samarbeidet med Frp er over, varsla Per Are Sørheim etter kommunestyremøtet før helga.

Respekt

– Vi må få lov til å meine det vi gjer. Vi har respekt for det Høgre meiner, utan å verte sure. Det gjeld alle partia. Vi seier heller ikkje at vi ikkje vil samarbeide med nokon fordi vi har ulikt syn på ulike saker, kommenterer Myklebust.

I formannskapet og i levekårsutvalet stemde Frp for leige i Nordea-bygget, men i kommunestyremøtet hadde dei snudd, og stod samla bak ønsket om nybygg.

–For oss handlar det om at vi meiner det har vore for dårlege saksopplysningar og for lite informasjon å få om saka. Det er til dømes ikkje klart kva kostnaden med leige vil vere, samanlikna med å eige. Det er jo vesentleg. Det er dette som har gjort at vi har stemt som vi har gjort, men det er det endelege vedtaket som gjeld, og der sa vi jo til slutt kva vi meiner.

Endra meining

Myklebust minner om at dei ikkje er dei einaste som har endra meining i politikken.

– Høgre gjekk jo til val på at dei ikkje skulle innføre eigedomsskatt, men snudde i den saka ganske tidleg. Så her er det litt ulike synspunkt frå tid til anna. Alle parti er sjølvstendige parti og gjer opp sine meiningar og standpunkt ut frå opplysningar i saka og innspel frå innbyggjarane, og det siste har vore vesentleg for oss i legesentersaka.

Samarbeid

Myklebust seier at dei har sett på Høgre som eit viktig samarbeidsparti, og at det er trist at dei ikkje ønskjer vidare samarbeid.

– Men vi må gjere det vi meiner er rett i kvar sak, og viss fleirtalet då ikkje er saman med Høgre, så er det slik. Felles for alle er jo at vi ønskjer å bidra til å gjere Ørsta kommune betre, seier Myklebust, som inviterer alle parti, inkludert Høgre, til vidare samarbeid til beste for innbyggjarar og næringsliv i kommunen.