Det vert seglskutefest i Ørsta. Den 18. juli seglar fleire av deltakarane i Tall Ship Races inn Ørstafjorden.

– Ja, vi har fått stadfesta at vi er offisiell gjestehamn under «Cruise in Company»-delen av årets Tall Ship Races. Saman med Geiranger og Måløy er vi dei nordlegaste gjestehamnene etter at seglbåtane forlèt Ålesund, fortel dagleg leiar Siri Dahl hos Ørsta reiselivslag.

Ørsta reiselivslag har fått ansvaret med å koordinere seglskutefesten i Ørsta, og å lage ei ramme rundt vitjinga i Ørsta.

– Vi veit at båtane reiser frå Ålesund den 18. juli, og som ei av dei nordlegaste hamnene, vil dei kome hit fyrst. Vi er i gang med å lage til materiell med informasjon om Ørsta og fasilitetane her, og skal sende desse til seglskutene som er med i Tall Ship Races, fortel Dahl.

Ålesund er ei av hovudhamnene i Tall Ship Races i år. Tall Ship Races er ei av dei mest vidgjetne seglskuteregattane, og til Ålesund kjem skutene frå Belfast. Mellom Belfast og Ålesund er det regattaseglas, og det vil altså seie at skutene seglar om kapp.

Mellom Ålesund og Kristiansand, som er neste store gjestehamn, er det ein såkalla «Cruise in Company». Då er det sett av tid til at seglskutene kan gjere mykje det dei vil, berre dei når Kristiansand innan 25. juli.

Aktivitetar

Likevel, seglskutene vil verte tilrådd å segle innom dei hamnene som står i programmet for denne delen av seglasen. Og her er Ørsta saman med Geiranger og Måløy dei nordlegaste gjestehamnene.

– Vi håper å skape eit program som gjer at seglskutene ynskjer å vitje oss. Mellom anna tenkjer vi på fine aktivitetar for mannskapa på båtane, seier Dahl.

Det er Ørsta sentrum som er den offisielle gjestehamna, men Dahl er smerteleg klar over at det ikkje er kaiplass i sjølve sentrum. Her vart kaia øydelagt under Dagmar-orkanen.

– Difor vil vi tilby kaiplass hos Ørstaterminalen og på Strømpeneset, og dei mindre skutene er det plass til i og ved småbåthamna, seier Dahl.

At Ørsta får ein stor seglskutefest den 18. juli passar veldig godt saman med det andre store arrangementet til sommaren.

– Vi skal i år ha ein utvida naturfestival med opning den 18. juli. Denne dagen kan verte ein stor folkefest, seier Dahl.