– Etter det som kjem fram i media, vil fylkesgrensene og profilering av bussane frå dei ulike selskapa kunne hindre gjennomgåande ekspressbussar til Bergen. Bussane frå Møre og Romsdal må snu når dei har passert fylkesgrensa til Sogn og Fjordane og omvendt. Alle passasjerar må byte buss og kjøpe nye billettar. Kven vil då blir freista til å ta buss? Dette vil redusere passasjertalet, stikk i strid med målsetjingane, skriv ØRrsta Arbeidarparti i eit brev til fylkeskommunen.

Likeverdig med Trondheim

Partiet meiner omsynet til passasjerane og omsynet til universell utforming ikkje er prioritert når tilbodet er lagt opp slik. Dei meiner det er fare for at at passasjertalet vil minke sterkt om folk må byte buss og må handtere bagasje unødig.

– Bussane må gå heile ruta med byte av sjåfør ved behov. Slik er tilbodet til Trondheim, og slik må det óg bli til Bergen. Det er mange som heller til nytte kollektivtilbodet enn å køyre sjølve.