Ørsta kommune skriv i eit brev til grunneigarar på Mosflata at dei etter synfaring har observert fleire stader med bygningsavfall og forsøpling i området. Dei har også sett tydelege restar etter brenning av slikt avfall. Nokre stader er det også fylt ut stein og betongrestar.

– Brenning av avfall er forbode. ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet, skriv plansjef Gunnar Wangen og miljøvernrådgjevar Magnar Selbervik i brevet.

Dei seier vidare at utfylling av betongrestar og masse er søknadspliktig og at området langs Ørstaelva også har nasjonalt prioriterte naturtypar.

– Då vi fann både forsøpling, restar etter brenning av avfall og utfylling på fleire eigedomar, skriv vi no eit felles brev til grunneigarane i området. Vi vil følgje opp dette vidare, men gir med dette høve til å rydde opp før vi går vidare med saka, melder dei.