– Eg trur det er bra for begge kommunane at vi får litt friskt blod inn i politikken, og at det ikkje er berre dei gamle travarane som går att, seier Helge Standal, leiar i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Volda.

Ved kommunevalet i haust stiller partiet liste for første gong i både Ørsta og Volda. Øyvind Festø er toppkandidat i Volda, medan Bjørn Helset er toppkandidat i Ørsta. På andreplass står Frida Gilberg (Ørsta) og Helge Standal (Volda).

Den store fanesaka for MDG er sjølvsagt Miljø. Lokalt vil det mellom anna seie at dei vil legge til rette for at folk kan bruke bilen mindre.

– Hovudferdselsårane i sentrum må prioritere fotgjengarane, seier Standal.

– I utviklinga av Ørsta sentrum er vi opptekne av korleis vi skal få fram gode alternativ til å bruke bilen. Her er det viktig å ha med seg næringslivet på lag og jobbe med å endre haldningane til folk, seier Helset.

Bygdene står også sentralt for partiet.

– Vi er ikkje eit sentraliseringsparti, og ønskjer å jobbe for levande bygder. Det handlar om bustadbygging og trygge skular og barnehagar. Om vi held oppe eit godt tenestetilbod i bygdene, unngår vi også mykje bilkøyring inn til sentrum, seier Helset.

Nei til Hafast og Fefast

Miljøpartiet i både Ørsta og Volda er, ikkje overraskande, skeptisk til å investere i ferjefri E39 mot Ålesund.

– Eg vil seie at den dagen brua til Ålesund står klar, blir Volda sjukehus og fleire andre tilbod i kommunane våre lagt ned. Det gjeld uavhengig av kva trasé vegen følgjer. Ein slik veg vil også slå negativt ut for miljøet. Biltrafikken vil auke, og bygginga av vegen vil medføre store utslepp. Når vi ser dei siste kostnadsoverslaga for Hafast, blir dette rett og slett berre tull, seier Helset.

Men partiet er ikkje imot alle samferdsleinvesteringar.

– Ørstafjordkryssinga synest eg er ein god idé. Den kan bidra til å få trafikk ut av Ørsta sentrum, og gjere det mogleg å utvikle sentrum i den retninga vi ønskjer.

– Stad skipstunnel er også eit godt prosjekt, som kan bidra til å få trafikk over frå veg til sjø. I tillegg ønskjer vi at dagens ferjer blir erstatta med batteriferjer, seier Standal i MDG Volda.

Vil ikkje ha bilregionar

Partiet melder seg også på i debatten om kommunesamanslåing.

– Vi skal ikkje seie blankt nei til kommunesamanslåing, men vil vere skeptiske og kritiske til prosessen. Vi vil ikkje godta utan vidare at det beste for kommunane er å slå seg saman, berre fordi regjeringspartia har sagt det, seier Helset.

– I utgangspunktet ser ikkje eg behovet for å slå saman Ørsta og Volda eller lage ei regionkommune på Søre Sunnmøre. Dette vil auke avstandane frå folk til tenestene, og auke den forureinande bilkøyringa. I tillegg er det slik at 40 prosent av befolkninga ikkje har bil, og større avstand til tenestene vil vere diskriminerande for desse gruppene, seier Standal.

Store ambisjonar

Miljøpartiet Dei Grøne stiller ikkje med vallister for moro skuld, og ambisjonane for valet er klare for både Ørsta og Volda:

– Vi vil ha inn minst éin i kommunestyret, i begge kommunane.

Ved stortingsvalet i 2013 fekk MDG 2,8 prosent av røystene i Volda og 1,3 prosent i Ørsta.

– MDG har vore synlege nasjonalt etter valet, no sist i arbeidet med å få på plass ein klimaavtale. Det trur eg vil hjelpe oss lokalt, seier Helset.

Valliste Miljøpartiet Dei Grøne, Ørsta:

1. Bjørn Helset, 1969, Ørsta

(kumulert)

2. Frida Gillberg, 1979, Sæbø

3. Iren Aambø, 1965, Ørsta

4. Frode Holen, 1975, Sæbø

5. Stina Jakobsen, 1979, Hovdebygda

6. Lisbeth Ose, 1958, Ørsta

7. Anders Albertsson, Steinnes, 1971 . Ørsta

8. Gunn B Vindspoll, 1990, Ørsta

9. John Inge Leira Bjørningsøy, 1988, Leira

10. Knut Arne Nygård, 1969, Ørsta

11. Ingvild Mork, 1972, Bjørke

12. Sarah Victoria Høgalmen, 1985, Trandal

13. Maria Nikkinen Rørstad, 1987, Bjørke.

14. Linda Eirin Eiken, 1990, Ørsta.

Valliste for Miljøpartiet Dei Grøne, Volda

1. Øyvind Festø (1982) kumulert

2. Helge Johan Standal (1953)

3. Inghild Remøy (1964)

4. Carien Hedvig Passchier Lærum (1987)

5. Frode Riise (1972)

6. Siri Tangen Standal (1982)

7. Arild Andenes (1959)

8. Lars Drabløs (1984)

9. Annlaug Stokke (1962)

10. Hanne Benedicte Drabløs (1985)

11. Per Leikanger (1985)

12. Josef Kristian Guttormsen (1932)

13. Henrik Kjos Torgersen (1988)

14. Anders Moltu Lundberg (1987)

15. Hanne Flacké Botnen (1984)