18-åringen var tiltalt for fleire punkt som omhandla trugslar mot fleire personar, og han var og tiltalt for eit uprovosert slag med knytt neve i ansiktet på ei kvinne. Mannen var og tiltalt for å forstyrra natteroa på asylmottaket i Volda der han tok seg inn om natta med han var rusa. I tillegg var mannen tiltalt for bruk av narkotika og tjuveri.

I retten erkjente mannen seg skyldig, og aktor la ned påstand om fengsel i ni månader der fire av dei skulle vere på vilkår. Forsvararen la ned påstand om at tiltalte vart dømd på mildaste måte.

Retten kom fram til, under noko tvil, at mannen skulle dømmast til samfunnsstraff. Mannen var ikkje tidlegare straffedømt, og dei la avgjerande vekt på at han synest å vere i ein rehabiliteringssituasjon.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømt til 180 timar med samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på seks månader. Subsidiært fengsel i seks månader. Mannen vart og dømd til å betale oppreisingserstatning til to personar på 15.000 kroner og 5.000 kroner. I tillegg må han betale erstatning på 6.000 kroner.