Advokat Bjørn Kristian Hove har skrive brev til Ørsta kommune der han melder at ny eigar av arealet på Øvre Mo, der kommunen ønskjer å bygge veg, er villig til å forhandle med kommunen.

Harry Moe, tidlegare eigar, har gått bort, og det er dottera som har teke over eigedomen. Kommunen har sidan 2005 prøvd å få ta over 200 meter av eigedomen, utan å lykkast. Dei vedtok oreigning seinast i februar i år, men saka har enno ikkje vorte løyst. Det er 200 meter av vegen som står att før han er ferdig, og han skal sikre tilkomsten til det nye byggefeltet på Øvre Mo.

– Den  nye eigaren vil ikkje motsette seg grunnavståinga, med atterhald om at det er semje om vilkåra. Eg foreslår difor at det så snart som råd vert gjennomført forhandlingar, skriv Hove.