«Hovden information, lima, november-foxtrot-alfa-golf, for VFR, Volda-Ørsta area»

***

– Ser du, det er ikkje vanskeleg. Du trekkjer i denne for å flyge opp og pressar han framover for å gå ned. Og roret styrer du med pedalane.

Oddvar Strand er ein entusiastisk lærar om bord i LN-FAG, den vesle Cessnaen frå 1976, klubbflyet til Volda/Ørsta flyklubb. Og med 35 års flyerfaring bak seg, veit han kva han snakkar om.

Ørsta/Volda lufthamn er langt ifrå den største flyplassen mellom Bergen og Trondheim, men i hangaren på Hovden finn vi den største flyklubben mellom dei to byane.

– Vi har seksti aktive medlemmar og eit fantastisk fint miljø. Medlemstalet har auka med 25 prosent dei siste åra. Flyentusiastane kjem frå heile regionen, inkludert Nordfjord og Ålesundsområdet, seier Strand. Han er leiar i klubben, og bur på Eidså i Vanylven.

Det skjer mykje på Hovden for tida. På sjølve flyplassområdet er dei i ferd med å fullføre oppussinga av tårnet. Den nye innkomsthallen er allereie på plass og i løpet av året startar oppussinga av avgangshallen.

Flyklubben er ikkje noko dårlegare. Dei er i full gang med å pusse opp lokala sine. I tillegg har dei søkt om å få byggje ein heilt ny hangar på 450 kvadratmeter ved sida av Widerøe-hangaren.

– Vi må kunne tilby hangarplass til medlemmene våre. Finansieringa av den nye hangaren er stort sett i orden, og vi håper på å ha hangaren klar i 2016, seier Strand.

Men før den tid står eit tettpakka program for 2015-sesongen for tur.

– I april skal vi vere med på X2-festivalen. Då kan folk kome til oss og slå av ein prat og få seg ein flytur i Sunnmørsalpane. I tillegg skal vi ha ein såkalla «fly inn». Det vil seie at folk kjem med flya sine frå andre klubbar rundt om i landet, til dømes Bergen og Kjeller.

13. juni kjem det store høgdepunktet for sesongen: Flyshow på Hovden.

– Det blir veldig bra. Vi får besøk av nokre av dei beste akrobat-flygarane i Noreg. I tillegg får besøk av Sea Kingen til 330-skvadronen, vi skal ha fallskjermhopp og sjølvsagt mykje anna flyrelatert.

Ørsta Amcar-klubb skal også vere med på showet, og skal bruke rullebana som rånestripe.

***

«Lima, november – foxtrot, alfa, golf, is on final, runway two eight».

Prøveturen er over, og Cessnaen svingar inn ved sida av hangaren. Volda/Ørsta flyklubb derimot, ser ut til å vere i ferd med å ta av.