– Det er stort for oss å vere her i dag!

Ørsta ungdomsråd besøkte Ørsta kommunestyre torsdag.

– Det er vårt ansvar å vise politikarane ungdomane si meining i politikken. Vi brenn og jobbar for mykje, og vi ønskjer å kome med innspel på kva vi meiner er viktig, sa dei til politikarane.

Dei har halde arbeidsmøte der dei har kome fram til ei rekkje saker dei ønskjer å fremje. Det handlar om alt frå samferdsel, kultur, idrett, helse og skule.

– Vi veit at alt ikkje kan verte gjort noko med i nær framtid, men vi tenkjer fram i tid, og vi er realistiske, helsa dei, og fortalde at dei har sendt innspela sine ut til alle partia.

Mellom anna ønskjer dei å få på plass ei betre ordning for drosjeskyss heim i helgane. Dei ønskjer seg grillplassar og skatepark og vidare satsing på helsestasjon for unge, og dei ønskjer seg betre inneklima på skulane. Ungdomsrådet har ni representantar frå ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane.

23. mars vil dei halde rekrutteringsmøte.

– Målet vårt er at ungdomane skal vite kva vi er og kva vi gjer. Representantar frå dei politiske partia vil fortelje om sine ungdomssaker. Dette er heilt nytt for oss, og vi håper det vert ein inspirerande kveld med mykje folk på Kaihuset!