– Vi set veldig stor pris på at Paul Kristian tek ein periode til, seier Reidun Vigestad Berge, leiar i Ørsta KrF.

Lokallaget hadde nominasjonsmøte onsdag denne veka, og der vart det klart at Hovden blir partiet sin ordførarkandidat også ved haustens kommuneval.

På førehand var det knytt spenning til kor vidt Hovden ville halde fram som politikar.

Berge er også nøgd med namna nedover på lista:

På andreplass har vi Eli Birkeland, som har stilt i kommunestyret som førstevara heile denne perioden. På tredjeplass har vi Roger Vartdal frå Nordre-Vartdal, som har vore i kommunestyret tidlegare også.

På femteplass står Reidun Vigestad Berge Sjølv, medan Morten Fonseca står på sjette plass.

Alle dei seks øvste kandidatane er kumulerte, medan lista er alfabetisk frå plass seks og nedover.

– Vi har god spreiing i alder, kjønn og geografi, og tre kandidatar med innvandrarbakgrunn, seier Berge.

Under følgjer heile nominasjonslista til Ørsta KrF:

1. Paul Kristian Hovden, Mosmarka.

2. Eli Birkeland, Kyrkjegata

3. Roger Vartdal, Nordre Vartdal.

4. Morten Fonseca, Sætre.

5. Reidun Vigestad Berge, Svalevegen.

6. Ivar Krøvel-Velle, Asalvegen.

7. Kari Aamaas, Kyrkjegata.

8. Mathilde Birkeland, Kyrkjegata

9. Flingai Foloboi, Mosmarka.

10. Marte Julie Dalsbø, Hovdebygda.

11. Geir Høydalsvik, Mo.

12. Annemor Henjum Moe, Osestrand.

13. Fiuna Omidi, Vikegata.

14. Eli Kristine Moltu, Starevegen.

15. Knut Skarbø, Rystene.

16. Olger Sæthre, Sentrum.

17. Betty Søvik, Kyrkjegata.

18. Trond Vartdal, Hovdebygda.

19. Peder Vikenes, Lerkevegen

20. Gaute Øyehaug, Mosmarka.

21. Hans Olav Øyehaug, Mosmarka.

22. Hjørdis Almelid Vikenes. Lerkevegen.