Leiar ved Ørsta Helsesenter AS, Trude Tonning, seier at legane tek vedtaket til politikarane til vitende og stolar på at dei no får fortgang i saka.

– Når fleirtalet i kommunestyret seier at det er nybygg dei vil ha, reknar vi med at prosessen kjem i gang umiddelbart.

Tonning seier at dei er nøydde til å få på plass ei midlertidig løysing i påvente av nybygg, gjerne i form av paviljongar.

– Vi er nøydde til å ha meir plass. Slik det er no er vi tretten legar fordelt på ti legekontor. Vi har ikkje nok behandlingsrom, og situasjonen er slitande for både brukarar og tilsette.

Tonning medgir at ho er noko frustrert over prosessen som har vore, og meiner at spørsmålet om eventuell bygging burde ha vore avklart før det vart lyst etter ledige lokale.

– Vi har i fleire år fått høyre at bygging ikkje er muleg i overskodeleg framtid grunna økonomien. Difor sa vi ja til det vi meiner var eit godt alternativ i Nordeabygget. Det er kommunen som har ansvaret for planlegging av primærhelsetenesta, og vi stolar på at politikarane no tek ansvar.