– Det er jo litt lite med tre kattar når vi har 180 mål boltreplass.

Jan Eldar Hovdenakk og sønene Hans Nicolai og Per Andreas har sett seg lei på store og tomme driftshus heime på garden i Hovdenakken. Etter å ha vurdert fleire alternativ har dei no landa på at dei ønskjer å starte med hjorteoppdrett. Søknader er sendt inn, og no ivrar dei etter å kome i gang.

– Vi hadde fleire tankar om kva dyr vi ville satse på, alpakka mellom anna. Men vi landa på hjorten. Vi ønskjer ikkje å ha høge etableringskostnader eller driftskostnader. Ville dyr treng ikkje driftsbygg, men kan gå ute heile året. Berre hjorten har noko skog som kan skjerme dei er det godt nok for dei, og det har vi mykje av, seier Jan Eldar.

Meir dyrkamark

Han viser rundt på garden. Tre svarte kattar spankulerer rundt hushjørnet. Kanskje anar dei at noko er i emning. Det har ikkje vore drift på garden sidan 1997.

– Bror min dreiv med pelsdyr og storfe, men så døydde han. Sidan har her stått tomt. Vi tok over garden i 2004, fortel Jan Eldar.

Familien har rusta opp den gamle fjøsen og har halde garden godt ved like, med god hjelp av ein nabo som har slått graset. No er dei klare til å satse sjølve. Noko av æra får Statnett.

– Den nye kraftlina går jo rett forbi her, og vi gjorde avtale om at dei skulle lage til eit stort område til dyrkamark, så vi går frå 20 mål dyrkamark til 130. Og så har vi jo ein del skog.

Dei ser føre seg å nytte deler av fjøsen i kombinasjon med eit nybygg, til slakteri. Dei har også gamle pelsdyrhus som dei kan nytte til fôrplass, merking og sortering av dyr.

Interesse

Jan Eldar er oppvaksen på garden i Hovdenakken og har erfaring med dyrehald. For Hans Nicolai og Per Andreas vert det ny lærdom.

– Men dette er noko vi har lyst til og er interessert i. Dessutan er det jo så tomt og stille her utan dyr, meiner Hans Nicolai.

Både far Jan Eldar og yngstemann Per Andreas jaktar hjort. Jan Eldar er også leiar for Åmdal og Midtbygda storvald og Hovdenakk grunneigarlag, så interessa for hjortedyret er levande.

– Dette er noko vi gjer saman. Heile føresetnaden for å satse er at sønene mine er med. Dette vert eit familieføretak, seier han.

Dei har vore i kontakt med Norsk Hjortesenter, som meiner at garden deira kan tole ei besetning på 60 produksjonskoller. Totalt med kalvar og bukkar vil dei kunne ha om lag 120 dyr.

– Vi vil gradvis utvide i løpet av 5–10 år. Vi kjem til å starte opp med 15 ho-kalvar, to ungkoller og to spissbukkar. Dyra vert kjøpte inn av etablerte oppdrettarar i Noreg. Vi håper å få kome i gong til hausten dersom vi får søknaden vår godkjent av kommunen. Og det har vi god tru på at vi vil få.

Rom for dei

Dei har fått mange positive tilbakemeldingar frå dei som har høyrt om planane deira. Og kanskje ei og anna skeptisk røyst frå dei som lurer på om dei torer å satse på hjorteoppdrett i landets nest største hjortekommune.

– Vi meiner dette vil vere ei framtidsretta og god næring for oss å satse på. Det er eit føreseieleg produkt. Alle veit at vi vil slakte i september, og då kan folk bestille på førehand. Vi ser føre oss å selje både på lokalmarknaden til private, og også til hotell og restaurantar. Det er jo gjerne slik at dei familiane som har jegerar har tilgang på kjøtet, medan det er vanskelegare for dei som ikkje kjenner nokon. Der trur vi at det er rom for oss.

Familien gler seg til å få dyr på garden igjen.

– Det er så viktig å ikkje prate ned landbruksyrket. Vi må snakke det opp. Om alle sluttar med matproduksjon har vi eit stort problem. Vi må ha levande bygder, og nokre gonger må vi tenke utanfor boksa.