Kjell «Kjellen» Bigset no også som yrkesrettleiar. Onsdag dukka han opp hos niande klasse på Ørsta ungdomsskule for å hjelpe elevane med val av yrke.

– Kva skal du verte? Spurde Kjellen.

– Ferjemann, svara ein av elevane.

Og då var det gjort. For alle som svara at dei satsa på eit yrke innan buss eller ferje, dei fekk premie.

Det var kanskje ikkje heilt slik Einar Holsvik frå Bygg- og anleggsgruppa i Ørsta hadde tenkt seg. Han ville nemleg setje søkjelyset på yrkesfag generelt.

– Vi har ein flott vidaregåande skule i Ørsta, og i bygg- og anleggsgruppa ynskjer vi å fortelje at ei utdanning i yrkesfaga er ein god veg å gå, fortel Holsvik.

Mellom anna inviterte han til Byggjedagen som bygg- og anleggsgruppa arrangerer onsdag 15. april. Då er alle niandeklassingar i Ørsta velkomne.

Men det var ikkje berre tull frå Kjellen si side. Han oppmoda elevane om å følgje draumane, og velje ei utdanning som vil høve for dei.