Det skriv Pippa Middleton, systera til britiske hertuginne Kate, i reisereportasjen sin frå Sunnmøre. Middleton vart kjendis over natta då systera gifta seg med britiske prins William. I dag jobbar ho mellom anna som spaltist for The Telegraph.

RBnett var det første norske mediet som omtalte saka.

Over fire sider i reisemagasinet til den britiske avisa The Telegraph, fortel Middleton om opplevingane sine frå Sunnmøre.

Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane har ein sentral plass i reportasjen. Reisefølgjet hennar har reist med båt frå Ålesund til Sæbø, overnatta på Sagafjord Hotel i to netter, og vore på tur i Hjørundfjordfjella. Slogen, Randers topp og Skårasalen er alle omtala i artikkelen. Ho skriv følgjande om Slogen:

– Turen til Slogen, som den kjende engelske fjellklatraraen William Cecil Slingsby kalla ein av dei «stoltaste» fjelltoppane i Europa, er populær. Ingen annan stad vil du sjå ei utsikt som denne, meinte Slingsby. Men ingen ord kan yte Slogen rettferd. Dersom du er interessert i friluftsliv, er dette ein stad du berre må reise til.

Middleton trekk også fram at Sunnmøre er ein av dei få stadane i verda der du kan køyre ski i puddesnø om morgonen, fiske torsk om ettermiddag og segle inn til ei koseleg hytte om kvelden der eit gourmetmåltid ventar på deg.

Reisefølgjet har også besøkt Ålesund og Geirangerfjorden.

Du kan lese reportasjen her (side 80, krev app om du brukar mobil).