Slik svarar ordførar Arild Iversen på nokre av påstandane som har kome fram frå nabokommunane i rapporten om Volda og Ørsta som den fjerde byen i fylket.

Det er Telemarksforsking og Møreforsking som har utarbeidd rapporten. Det var kommunestyra i Ørsta og Volda som tinga rapporten.

Føremålet med rapporten var å skape eit grunnlag for søknaden om medlemskap i det statlege Byregionprogrammet.

Samarbeider betre

Tilrådinga i rapporten, og til rådmennene i Ørsta og Volda, er ikkje å søkje om medlemskap. Det tek Iversen til vitende.

– Vi er ikkje avhengige av programmet. Den utviklinga som er i gang, ho vil halde fram, seier Iversen.

Han viser til at initiativet til å slutte Ørsta og Volda til Byregionprogrammet var med bakgrunn i utviklingstrekka.

– Over år har vi sett at Volda og Ørsta kommunar samarbeider betre enn nokon gong tidlegare. Når vi ser inn i framtida, ser vi at tettstadene har potensial til å vekse saman i stadig større grad. Det gjeld også areal, for det ligg stort potensial langs hovudferdselsåra forbi Furene og Hovdebygda, seier Iversen.

Han poengterer at omgrepet den fjerde byen ikkje er noko Ørsta og Volda har funne på.

– I det fyrste forslaget til fylkeskommunen sin fylkesplan stod det at Volda og Ørsta var den moglege fjerde byen i fylket. Dette er altså ikkje noko vi har kome på sjølve, men eit resultat av ei utvikling som har gått over mange år, og som mange utanfor oss ser. Difor var det slik at vi ynskte å verte med i Byregionprogrammet, seier Iversen.

Trugsmål eller utvikling

Han har hatt rapporten frå Møreforsking og Telemarkforsking til rask gjennomlesing.

– Eg ser at nokon likar tanken på Ørsta og Volda som den fjerde byen og andre ikkje. Dette er ikkje uventa, for Ørsta og Volda har eit unikt utgangspunkt. Det kan einskilde oppleve som trugsmål, medan andre ser på det som ei mulegheit for utvikling, slik som kommunane på indre Sunnmøre og i Nordfjord, seier Iversen.

Han viser då til at dei som vart spurde i kommunane Hornindal, Stryn og Stranda såg positivt på at Ørsta/Volda utvikla seg til ein by.

Han vedgår at det kan sjå ut som om Ørsta og Volda ikkje vil søkje medlemskap i Byregionprogrammet fordi nokre nabokommunar ikkje likar det.

– Det er kanskje litt pussig å halde oss til at nokre kommunar ikkje likar det, og difor kan det ikkje verte. Viss det er konklusjonen, er det spesielt. Likevel, vi er ikkje avhengige av programmet. Vi utgjer ikkje trugsmål for nokon, og ynskjer heller ikkje å vere det. Vi ynskjer at tilboda veks fram for dei som bur her og dei som vil nytte seg av tenestene, seier Iversen.

Ei styrking av Sunnmøre

For han er det dessutan eit poeng at å byggje opp Ørsta og Volda som bysamfunn har vidare konsekvensar.

– Ei styrking av Ørsta/Volda er ei styrking av Sunnmøre. Sunnmøre treng fleire sterke bein å stå på viss vi skal byggje opp mot sentraliseringstrendane, insisterer Iversen.

Han meiner dessutan at det i eit miljøperspektiv er rett å satse på sterke regionale bymessige område.

– Det er ein fordel for alle ørstingar og voldingar at dei får dekt sine daglege behov i sitt nærområde. Då vert det mindre trafikk, seier Iversen.

Han registrerer altså at det særleg blant dei som er spurde i kommunane på ytre, er stor skepsis mot at Ørsta og Volda vert bygt opp som ein fjerde by. Nokre av respondentane seier dei er provoserte.

– Viss nokon opplever at vi ynskjer å grabbe til oss på kostnad av andre, er ikkje dette det vi har tenkt oss. Vi ser i andre samanhengar at mangel på rausheit skaper avstand til omgjevnadene. Vi ynskjer å skape tilbod til både våre eigne innbyggjarar og andre som vil nytte våre tilbod. Det er også gjensidig. Vi nyttar med stor glede tilboda som i dag er i Ulstein og Fosnavåg, og det er med på å styrkje regionen, seier Iversen.