Det skriv Vestlandsnytt.

Han har vore i stillinga i Sande i vel tre år, og kom frå jobben som assisterande rådmann/økonomisjef i Ørsta kommune.

Moltudal seier til Vestlandsnytt at åra i Sande har vore givande og trivelege, og han omtalar avgangen som «udramatisk».

Moltudal har takka ja til ei stilling i økonomiavdelinga i Ålesund kommune, melder Sunnmørsposten.

– Det å slutte i kommunen har ikkje vore noko lett avgjerd å ta, skriv Moltudal i oppseiinga, ifølgje Vestlandsnytt.

Sande kommune må no konstituere ein ny rådmann innan 1. juni.