Ørsta/Volda Budbilservice er namnet på det nye selskapet som skal vere operativt frå april.

– Mi erfaring er at det er ein marknad for eit nytt bodbil-firma i regionen, seier Dag Jøran Mo.

To selskap

Han er for dei fleste kjend som mannen bak Thuns Bakeri i Strandgata i Ørsta sentrum. Der held bakeriverksemda til med to tilsette. Mo understrekar at bodbil-drifta ikkje skal ha noko med bakeriverksemda å gjere, og at det handlar om to fråskilde selskap og verksemder.

– Men eg legg ikkje skjul på at det er tøffe tider i bakeribransjen, og for oss som driv handverksbakeri. Avtalane med butikkane gir ikkje tilfredsstillande lønsemd, og dei er usikre. Eg kvir meg for å investere stort i bakeriet. Eg kjem nok til å avvikle butikkleveransane og heller satse fullt og heilt på bakerileveransar til skular, barnehagar og næringslivet, noko eg driv med i dag, fortel Mo.

Bein

Bodbil-drifta vil vere eit nytt bein å stå på for Mo som gjennom selskapet Ørsta/Volda Budbilservice vil tilby bodbil-sørvis i eit stort område.

– Vi kjem til å dekkje Stryn, Ulstein, Fosnavåg, Hareid, Ørsta, Volda, Sykkylven og Ålesund med daglege ruter. Vi skal også ha ei tysdagsrute til Vanylven og Måløy, fortel Mo.

Han brukar sjølv bodbil for bakarvarene, i tillegg til eigen bakarbil, og er overtydd om at det nye selskapet hans vil kunne klare å etablere ein god og konkurransedyktig logistikk for kundane innan sending, henting eller distribusjon av varer eller tenester.

I det små

– Eg startar i det små med meg sjølv og ein bodbil. Tek det av, vil eg skaffe meg ein bil til og fleire folk, seier Dag Jøran Mo.