Nettbuss vann begge dei to anbodskonkurransane om drift av bussar på Sunnmøre frå 1. januar 2016. Torsdag signerte Nettbuss Midt-Norge AS og Møre og Romsdal fylkeskommune kontraktane.

- Nettbuss er ein aktør vi kjenner godt til frå før, og vi ser fram til å fortsette dette samarbeidet, seier Stig Helle-Tautra, seksjonsleiar drift i Møre og Romsdal  fylkeskommune.

Nettbuss er operatør for bussane både på Nordre og Søre Sunnmøre i dag, og leverte det billegaste tilbodet også denne gongen.

Dei nye kontraktane inneber at merkevara FRAM blir brukt i områda bussane opererer i.

- Alle bussane vil frå 2016 få FRAM sin grafiske profil og ligge inn under kollektivsatsinga til fylkeskommunen, noko som gjer at vi er enda eit steg nærare å samle kollektivtilbodet i Møre og Romsdal, fortel Helle-Tautra.

Kontraktane er delte slik:

I rutepakke 4 ligg ekspressbussrute Ålesund-Kristiansund og Ålesund-Åndalsnes, og regional- og skoleruter i kommunane Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog, Stordal, Norddal og Stranda (Geiranger og Liabygda). Totalt rutekilometer for pakka er 2 925 874.

Rutepakke 5 inneheld ekspressbussrute Volda-Ålesund, fylkeskryssande rute til/frå Stryn, Nordfjordeid og Maurstad, og regional- og skoleruter i kommunane Sykkylven, Stranda, Ørsta, Volda, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Totalt rutekilometer for pakka er 3 308 636.

Nettbuss Midt-Norge AS, Firda Billag Buss AS og Boreal Transport Norge konkurrerte om rutene i rutepakke 5.