- Etter intervju med tilsette i elleve kommunar på Søre Sunnmøre og i delar av Nordfjord, meiner forskarane at kommunane i indre del av regionen står fram som positive til å samarbeide om utvikling av Ørsta og Volda som den fjerde byen i Møre og Romsdal. Dei i ytre er meir skeptiske.

Dette kjem fram i ei pressemelding om rapporten Møreforsking og Telemarkforsking har levert på oppdrag frå Volda og Ørsta kommunar. Rapporten skal  få fram moglege utfordringar og satsingsområde i arbeidet med å styrke Ørsta og Volda som den fjerde byregionen i Møre og Romsdal.

Ålesund light

Forskarane konkluderer med at det er mange sterke sentrum i regionen vår, og at dette kan gjere det vanskeleg å finne felles strategiar å behalde og styrke funksjonane sentruma har i dag. Ei einsidig satsing på Ørsta og Volda som sentrum vil ikkje vere heilt lett, trur forskarane:

- Ei slik einsidig satsing på å styrke Ørsta-Volda vil kunne bli oppfatta som ein strategi for å lage eit «Ålesund light», heiter det i pressemeldinga.

Vanskeleg å nå fram

Rapporten frå Møreforsking og Telemarkforsking skulle danne grunnlag for  at Ørsta og Volda søke seg inn i Byregionprogrammet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dette kan likevel vise seg å bli vanskeleg:

- Konklusjonane i analysen gjer at rådmennene i Ørsta og Volda trur at det. ut frå søknadsskriteria, vil vere vanskeleg å nå gjennom med ein søknad til Byregionprogrammet, heiter det i pressemeldinga.

Rapporten legg likevel eit godt grunnlag for arbeidet vidare, trur forskarane:

- Vi trur at det lønner seg å tenke stort; Volda-Ørsta bør sjå si rolle i ein større regional samanheng, og ikkje la føringane i byregionprogrammet avgrense perspektivet på kva strategiar ein legg for framtida.

Møre-Nytt kjem tilbake med meir i laurdagsavisa. Du kan lese heile rapporten her.