Politikarane i utvalet ber etter eit vedtak gjort på tysdag om at kommunen går vidare med avtale med Ivar Aasengt. 10 AS og Legesenteret AS om etablering av nytt legesenter i Nordea-bygget frå første halvdel av 2016.

Behandlinga av saka er no i gang att etter at kommunestyret utsette vedtaket under møtet 12. februar.

Levekårsutvalet sitt fleirtal vil også at det i avtalen skal synleggjerast ei løysing for samlokalisering av legesenter og helsestasjon i bygget. Dette fellesframlegget frå Frp, Ap og Sp vart vedteke med 5 mot 4 røyster (H, V, KRF). Det vert vist til at ei slik samlokalisering vil ta hand om ei sterk tverrfagleg kompetanse. Fleirtalet vil ha ei vurdering av økonomi og tilbodet til brukarane for dette alternativet.

Det kan likevel kome legesenter på Bakk-Ola-marka i framtida: Politikarane vil at administrasjonen i 2022 skal leggje fram sak for samordning av helsetenester på dette området.

Mynde

Levekårsutvalet vil at kommunen sitt forhandlingsutval skal få mynde til å forhandle og inngå avtale med Ivar Aasengt. 10 AS – og inngå ny samarbeidsavtale med Legesenteret AS om kostnadsdeling og legevakt.

Levekårsutvalet sitt vedtak er mykje i tråd med rådmannen si meining i denne saka bortsett frå at rådmannen vil at administrasjonen i samband med budsjetthandsaminga for 2016 skal leggje fram ei sak med utgreiing av konsekvensar ved å leige areal også til helsestasjonen i Nordea-bygget.

Lytta

Dermed har fagutvalet for helsesaker i kommunen i stor grad lytta til rådmannen si argumentasjonsrekkje i denne omdiskuterte saka.

Fleirtalet i kommunestyret vedtok nyleg utgreiing av legesenter på Bakk-Ola-marka innan april. Rådmannen meinte at dette var for kort frist for ei fullgod utgreiing. Men då det hastar med å finne ei løysing no, har rådmannen likevel laga ei sak ho meiner er god nok til at kommunestyret kan gjere eit endeleg vedtak. Og rådmannen står altså fast på konklusjonen om legesenter i Nordea-bygget.

– Dette er ei rask og god løysing for legar, hjelpepersonell og pasientar. Saka handlar også om kva kommunestyret vil prioritere av investeringar etter fleire magre år på ROBEK lista, seier rådmannen.

Ho viser til at ei god legeteneste er avhengig av gode og stabile legar.

– Legane har vore tolmodige lenge, men no hastar det med ei avgjerd og rask realisering som sikrar gode rammevilkår, seier rådmannen som viser til at Ørsta kommune må dekkje faktiske kostnader til legevakt.

Det vert vist til at ambulansetenesta i Nordeabygget vil få eigen tilkomst i underetasjen i tillegg til overbygd parkering ved hovudinngang.

Helsestasjonen har svært kummerlege lokale i dag.

– Dei ser fram til å kunne flytte ned til romslegare lokale i første etasje dersom legesenteret flyttar ut. Dersom kommunestyret ynskjer det, kan administrasjonen lage ny sak der ein vurderer konsekvensar og mulegheiter for flytting av helsestasjonen til Ivar Aasengt. 10, seier rådmannen.

Dette skal no altså no gjerast.