I 2018 skal det kome ein ny Nasjonal Transportplan. Planen avgjer kva samferdsleprosjekt som skal prioriterast mellom 2018 og 2027, og no er kampen om å få sine prosjekt inn i planen, i full gang.

Under møtet i Samferdsleutvalet i fylkeskommunen onsdag, vedtok politikarane Møre og Romsdal sitt innspel til transportplanen.

Gang- og sykkelvegen langs E39 mellom Ørsta sentrum og Volda sentrum var ikkje med i framlegget til fylkesrådmannen, men kom med i vedtaket etter initiativ frå mellom andre Petter Bjørdal (Ap).

– Det var viktig å både få inn gang- og sykkelvegen og at utbygginga bør vere samanhengande. Dette var ein god dag i Samferdsleutvalet, seier Bjørdal til Møre-Nytt.

Fylkespolitikarane vil også prioritere mellom anna midtdelar i Brusdalen, krabbefelt på Ørskogfjellet, Stad skipstunnel og  høgare frekvens på riksvegferjene.